Velkomen til Telland grendahus si heimeside

 

 

 

ÅRSMELDING FOR TELLAND GRENDAHUS 2011

Årsmøtet vart halde 13.04.2011

Styret har hatt 4 møte i løpet av 2011, der det eina vart halde i forkant av styremøte.

Tilskipingar:

Jonsokkmorro/sommarfest ved Vetlavatnet for små og store.  Me grilla og hadde det kjekt ilag.

Haustfest 29.oktober:

Alle tok med mat til felles koldtbord.  Anders Møen spelte til dans.  Me hadde loddsalg slik me pleier i Reppen, alltid lika populert.  Det vart ikkje laga eige rekneskap til denne festen men me hadde eit innskudd i banken på ca kr 10000. 

Basar 20.november:

Basaren var svært vellukka, mykje folk og mange fine gevinstar.

Me hadde eit overskudd på nesten kr30000.

Jolatrefest 2.joledag.

 

Utleige:

Har leigt ut til 3 vaksenfestar i 2011.

 

Dugnad:

Me hadde ein felles dugnad i juni med godt oppmøte av grendafolk, serleg dei unge er flinke å møta opp.

Etter endt arbeidsdag vart det litt sosialt med god mat og god drikke.

Dette vart gjort:  -vask av kjøkken og toalett, vegger og skap

                               -uthuset vart spylt

                               -kitting og maling  av glasa utvendig.

                               -rydding rundt huset

 

Ellers har Knut Jørgen rydda og sleie rundt huset i sommar.

I jula datt eit bjørketre ned på nedsida av huset, det vart kappa opp i jula.

 

Taket på pumpehuset er reparert.

Me har fått nytt kjøleskap.

 

Når me ser på aktiviteten på Telland er det tydeleg at dei unge er interessert i å vera med å ta vare på Huset og vera med på aktivitetane som er her.  Det er svært positivt med tanke på framtida til Huset vårt.

 

 

 

 

 

               

 

 

 

 

 

 

 

 

YournameCom © 2007 • Privacy Policy • Terms of Use